nyMusikk 80 år:

nyMusikk Bergen

I anledning nyMusikks 80-årsjubileum i 2018 presenteres alle nyMusikks lokalavdelinger gjennom intervjuer i løpet av jubileumsåret.

nyMusikk Bergen fyller 40 år i 2018 og feirer jubileet i høst. Vi snakket med en av deres tre avdelingsledere, Else Olsen Storesund

Stephan Meidell sitt verk "Metrics", På bildet: Benedicte Maurseth og Lars Henrik Johansen, Foto: Thor Brødreskift/Borealis

1)   Hvordan ble nyMusikk Bergen startet?

nyMusikk Bergen blei starta i 1978 av m.a. Lorentz Reitan, som var første styreleiar, og Ruth Bakke i styret.  I år feirer nyMusikk Bergen 40 år, og Reitan og Bakke skal sjølvsagt vera ein del av denne feiringa. Det er stas!  

2)   Hvilken rolle spiller nyMusikk Bergen i det lokale musikk og kunstlivet?

nyMusikk Bergen har alltid vore, og er, eit springbrett for nyskapning. Dette kan sjåast i dei mangfaldege organisasjonene som har sprunget ut av nyMusikk Bergen: Autunale, Borealis, Music Factory, Lydgalleriet, BEK, Landmark, Ursus produksjoner, samt konsertseriane Vreng (frå hausten 2017, med komboen folkemusikk/eksperimentell musikk) og Biblioteksmusikken (ny frå 2018).

Eva Pfitzenmaier «The Waterhole», Biblioteksmusikken. Foto: Sondre Skollevoll.

3)   Hvordan er det å være arrangør av eksperimentell musikk i Bergen?

Me har eit engasjert styre som har mange idéar og stor gjennomføringsevne. Me har ein litt ukonvensjonell leiarmodell, kor me er tre som delar på leiarvervet. Det er Alan Ó Raghallaigh, John Hegre og meg. Det blir lagt ned mykje arbeid i konsertar, konsertseriane våre, og arbeidet relatert til dette. Det er stor verdiskaping for kunsten og for menneska den rører ved, det er det inga tvil om. 

Slagr, på konsertserien Vreng. Foto: Else Olsen S.

4)   Kan du fortelle om noen av høydepunkter fra høstens program?
Feiringa vår i oktober er definitivt vårt store høgdepunkt i haust. Me har fire-fem dagar med konsertar i tillegg til våre faste konsertar.

nyMusikk Krapyl er namnet på våre barneprosjekt. Her skal me ha komposisjonsverkstad, kor barn skal få skriva verk til profesjonelle utøvarar. Og me har ein heil haug med flotte Bergens-komponistar som skal skriva verk til barn, blant anna Ruth Bakke og Tor Anders Eri, som blir to Open form-verk med delvis open besetning.

Det vert også to SmalPratar (nyMusikk Salong): Ein kor nyMusikk Bergen som organisasjon skal diskuterast, og ein annan der me samarbeider med Bul Ervingen, og skal diskutera folkemusikk/samtidsmusikk mellom dei to ulike miljøa. 

I november kjem Tøyen Fil og Klafferi og Vreng-serien, kor bla. Tidekverv kjem, med Berit Opheim (sang, perkusjon), Benedicte Maurseth (hardingfele, sang), Rolf Lislevand (lutt, elgitar) og Håkon Mørch Stene (vibrafon, perkusjon, elektronikk). Dette er noko av det me gler oss til!