nyMusikk Bergen presenterer:

Vreng

- en konsertserie der tradisjon møter eksperimentell musikk

Konsertserien VRENG bringer sammen folkemusikkbaserte musikere i nye settinger, i kombinasjon med kontrasterende uttrykk fra eksperimentell musikk. Konsertene skjer i intime lokale - enten i kunstgalleriet Visningsrommet USF eller i blackboxscenen Studio USF. Del 1 i serien går frå oktober 2017 til april 2018.


VRENG er et samarbeid mellom nyMusikk Bergen og USF Verftet. Støtta av Norsk Kulturråd.

Program 

IKUE MORI og KNUT HAMRE
12. oktober, Visningsrommet USF
 // kl. 19:00 // kr 150

Første konsertkveld blir det ein del med den legendariske norske spelemannen Knut Hamre på hardingfele. Deretter spelar den New York-baserte impro- og støypionéren Ikue Mori frå Japan på diverse elektronikk.

REOLÔ
12. desember, Studio USF
 // kl. 19:00 // kr 150

Tingingsverket frå Hilme-stemnet er tradisjon i ny drakt, nykomponerte slåttar og streifer innom både Vest-Afrika og India på vegen gjennom norske dalføre. To særs spennande og nyskapande duoar; brørne Hans & Rasmus Kjorstad og Røine/Hulbækmo står bak verket Reolô.

SLAGR
8. februar, Studio USF  // kl. 19:00 // kr 150

Slagr gir oss dronete og seindregen musikk i folkemusikalsk drakt, og eitt lydunivers med fargar frå middelaldermusikk, tradisjonsmusikk og vår eiga samtid. Lydbilete er grenselaust med cello, hardingfele og vibrafon som både kontrasterer og kompletterer kvarandre. Med Anne Hytta, Amund Sveen og Katrine Schiøtt.

INGFRID Breie NYHUS og ANDRÉ VIDA
17. april, Visningsrommet USF
 // kl. 19:00 // kr 150

Ingfrid Breie Nyhus tek oss med 'Slåttepiano' til djupna av folkemusikkarva vår, med hardingfeleslåttar omarbeidd for klaver. Spelt med eit stort overskot og eigenart, som ber preg av å ha vekse opp tett på slåttemusikken.
Amerikanske André Vida, busett i Berlin, er ein eksperimentell komponist og jazzsaksofonist, kjend for uortodokse arrangement, bruk av samples, og partitur for ei ny tid. Me gler oss til å høyre kva han og saksofonane hans kjem med til VRENG.

Kjøp billett på ticketmaster.no eller ved inngangen.

Det oppfordres til å kjøpe på nett. Medlemmer av nyMusikk får rabatt.