Utmark og nyMusikk Bergen presenterer:

All Ears Vorspiel med Great Waitress og AMM

AMM er eit banebrytande ensemble som i dag består av duoen Eddie Prevost og John Tilbury, saman med Michael Duch. Ensemblet vart starta i 1965 og debutplata AMMmusic frå året etter er rekna for å vere den første utgjevinga av friimprovisert musikk. AMM var også inspirasjonskjelda til den engelske eksperimentelle komponisten Cornelius Cardew då han komponerte stykket "The Tiger's Mind" i 1967. Det samme ensemblet var med å spelte på urframføringa av dette stykket.

John Tilbury - piano
Eddie Prevost - slagverk
Michael Duch – kontrabass

Great Waitress består av den australske duoen Monika Brooks og Laura Altman, frå Sydney si eksperimentelle musikkscene, og den Berlin-baserte pianisten Magda Mayas. Improvisasjonstrioen har sidan 2009 spelt ei rekke konsertar i Australia og Europa. Musikken tek utgangspunkt i fjørlette og mjuke lydar som vert vevd saman til eit roleg, men intenst lydbilete. Kontrasten mellom duoen sine utstrakte og statiske varsame lydar og Mayas omfangsrike pianospel, skaper ei dynamisk spenning som driv musikken.

“Fragile and solid at the same time. Like touching the wings of a butterfly, it is almost as risky and daring to listen to this music, as your personal volume and sound could harm what you hear.” (All about jazz)

Magda Mayas – piano
Monika Brooks – trekkspel
Laura Altman – klarinett

Landmark (Bergen Kunsthall)
9. januar
kl 21:00

Inngang: 80,-
Gratis for medlem av nyMusikk.

Facebook-event
Underskog-event