nyMusikk Bergen presenterer:

SmalPrat med Signe Bakke: Morten Eide Pedersen

nyMusikk Bergen inviterer til hyggeleg og intim SmalPrat med pianist Signe Bakke. Bakke er pianist og professor i piano ved Griegakademiet, KMD. Ho urframførde m.a. Eide Pedersen (1958-2014) sitt verk Eliot Impressions (2012-2013), og hadde ei nær tilknytning til Morten sitt kunstnarskap og person då han levde.

– Me ser på verklista til Morten
– Klipp frå opptak frå ulike urframføringar
– Refleksjonar over kunsten me har etter han.
– Personlegdom – livsfilosofi – kunstnarskap
– Finn me særtrekk som går igjen i hans komposisjonar?
– Kva lot han seg inspirere av?
– Korleis er det å vera utøvar av hans musikk?
– Korleis var samarbeidet med Morten om interpretasjon og framføring?

23. mai 2018
Hordaland Kunstsenter
18:00 

Facebook-event