Pantha du Prince & The Bell Laboratory

Pantha Du Prince & The Bell Laboratory. Foto: Katja Ruge

Ekko-festivalen i samarbeid med nyMusikk Bergen
Første Ekko-kveld spiller Pantha du Prince sammen med The Bell Laboratory - et mektig ensemble som trakterer klokkespill og melodisk perkusjon bedre enn de fleste andre. Blant instrumentene finner vi blant annet  et 3-tonns 64-bronsebjellers mobilt klokkespill basert i Århus, Danmark, som blir fraktet i egen trailer til Røkeriet, USF. Klokkespillet blir traktert av tidligere klokkenist på Oslo Rådhus, Vegar Sandholt.

Tysk minimalistisk tekno møter organiske, akustiske bjeller. Teknologi møter tradisjon. Dansegolv møter rådhustak. Dualiteten i verket gjør det hele til en usedvanlig oppvåknende lytteopplevelse. Pantha du Prince er blitt omtalt som ”one of the leading figures in modern techno” (Pitchfork), og ”Tarjei Vesaas møter tysk elektrominimalisme” (Dagbladet).

For tre år sidan vart den tyske produsenten og teknomusikaren Hendrik Weber aka Pantha du Prince utfordra til å lage akustisk musikk for eit klokkespel på tre tonn og eit handplukka ensemble av klokkenistar og slagverkarar, alt saman inspirert av eit iscenesett møte som fann stad samstundes som klokkespelet i Oslo Rådhus spelte opp. Resultatet vart gruppa Pantha Du Prince & the Bell Laboratory og verket «Elements of Light» som vart urframført under Øyafestivalen i 2011. Sidan har musikken levd vidare på plate og på ei mengd scener.

Pantha du Prince og Bell Laboratory lagar unik klubbmusikk med klubbar. Ja, ekte klubbar. Berre gode klubbar kan få ei skikkeleg klokke til å klemte. Og det er det dei gjer i klokkelaboratoriet. Det er med andre ord ei heilt særmerkt musikalsk happening som finn stad på Røkeriet denne kvelden. Ei ekstraordinær oppvisning i eldgamal klokkekunst para med tung bass og heftig rytmikk. Om tid og rom kjem til å stå stille veit ein ikkje: tilhøyraren vil ikkje klare å stå stille. Ein må til slutt danse til klokkene.

Dette er langt unna fortida då klokker fortalde kva tida var. Når klokka var tolv eitt to tre fire. Eller heilt attende til mellomalderen. Då kunne ulike klokker i kyrkjetårnet fortelje om det var sorg, fare eller glede på ferde. Klokker som klang surt song om sorg og død. Repetative statiske klemt fortalde om fare. Kyse durstemte klokker fortalde om glede.

I mange norske dalar såg ein same fenomen: ofte kunne ein høyre klokkene langt opp på høgfjellet. Ja sjølv om lyden kom frå ei kyrkje djupt nede i dalsøkket. Temperatur og vind kunne forsterke lyden til det fleirdobbelte. Det er ganske enkelt utruleg kor langt klokker klinger når det er litt vind. Dette gjer Pantha du Prince eit stort nummer av i dette verket. Han får eit moderne vindlaust og nærast akustisk tomt rom til å framstå som ein dal fylt med vind, klokke og rytme. Klokker gjennom miksar og høgtalararar - får same effekten som av vinden.

Alt som hender i klokkelaboratoriet er uventa: i den eine augneblinken er ein midt i ein mystisk klang som minner om glasa til den blinde predikanten og salmediktaren Mathias Orheim (1884-1958). Han turnerte og omvendte Vestlandet ved å synge og spele på glas. Ja glas som kling som i laboratoriet til Pantha du Prince. Plutseleg glir ein inn i to dalar i Himalaya: kanskje ein er i grensetraktene mellom Nepal og India? Tempelklokker som syng supersonisk og orkestralt. Alt er intrikat komponert og sett saman - alt er dirigert av Pantha du Prince. Og den mørke dansegrooven er aldri langt unna. Ekstasen er med andre ord like rundt hjørnet. Og vil ein ikkje danse treng ein det ikkje. Klokkeorkesteret er så visuelt at ein kan stå lenge og berre sjå på. Så får ein truleg lyst til å danse trass dette.

Bergen:
USF Verftet
25. oktober
20:00

250,-
Kjøp billett