nyMusikk presenterer:

Xylouris White

nyMusikk Trondheim presenterar gresk/australske Xylouris White.

Xylouris White er godt forankra både i fortida og i framtida. Dei spelar både nye og tradisjonelle kretiske komposisjonar men tankane går like gjerne til post-punk eller avant-garde rock.

Xylouris White. Foto: Manolis Mathioudakis.

George Xylouris fra Kreta har spelt lutt sidan han var liten og turnerte i mange år saman med sin far Antonis Xylouris, betre kjend som Psarandonis, ein lokal legende som i mange år har pressa grensene for gresk folkemusikk. På ein av turneane saman med faren møtte George den australske trommeslagaren Jim White frå bandet Dirty Three. White har blant anna spelt saman med artister som PJ Harvey, Bonnie ‘Prince’ Billy, Smog, Marianne Faithfull, Cat Power og Nick Cave. Fleire år seinare møttest dei og danna bandet Xylouris White. 

Dei slapp sitt første album i 2014 og blei i 2016 signert på det kredible plateselskapet Bella Union(starta av musikkelskaren og Cacteau Twins-bassist/synthist Simon Raymonde). på 2018s album «Mother» tek utforskartrangen til dei to musikarane musikken i nye retningar, ogXylouris omtalar musikken på albumet som ein modningsprosess: “It’s the natural maturity of fruits as they ripen. As fruit matures by the rhythm of nature, so the music grows at its own pace. So, here are two maturing fruits giving the taste of their present maturity – and they’re still children.”

Vel møtt til ei musikalsk oppleving utan om det vanlege!

George Xylouris – Laouto(Gresk lutt) og vokal
Jim White – Slagverk

6. november 2018
Bar Moskus
20:00

Inngang: 250,- / 150,- for medlem av nyMusikk